Bad blogger part x

Vel, eg har nok ein gang hatt eit langt fråvær frå bloggen, og eg kan skylde på at eg har jobba mykje, studert mykje osv. Likevel, ærleg talt, så har ein 20 minutta til overs for å skrive eit blogginnlegg innimellom. Så konklusjonen er grei: bad blogger. 

Kva er nytt? Eg er framleis snusfri (nærma seg 3 mnd utan nikotin) og eg nærma meg ferdig med 1.året på sjukepleien (1 eksamen i ex.phil og praksis gjenstår) :D

Ting er ellers ved det same. Jah, eg trena, ete sunt, jobba, studera og trives med livet. 

Jo! Ein ting er nytt, eg vurdera svært sterkt å ta oppatt vegetarprosjektet mitt. Sist eg var vegetarianer så klarte eg ikkje å finne ein balanse mellom lavkarbo og vegetarkosthaldet, og har no innsett kva eg må gjere for at det skal fungere. Eg må inkludere belgfrukter. Kan også nevne at eg ikkje kutta ut fisk, melkeprodukt og egg. Det gjer heile greia litt enklare, men eg inkludera framleis ikkje pasta, brød, ris osv. Eg har snakka med fleire andre som har dette kosthaldet, og har kome fram til at det er på denne måten det kan fungere for meg. Når skal eg starte? Eg veit ikkje, ting er framleis litt i planleggingsfasen, noko som er litt uvanleg sidan eg pleie å hoppe uti ting. 

Om det er nokre lesara som har erfaring med dette så versågod å del tips og erfaringar med meg! Då blir eg hoppande glad! 



Slenger med eit bilete frå ein fjelltur eg var på for ikkje så altfor lenge sidan, sånn berre for å ha eit bilete i innlegget, pluss "show you I'm sporty". Hirr hirr.

Snakkes, forhåpentlegvis snart, og klem og sånt frå overtrøtt meg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Anarko

Anarko

27, Bergen

Sjukepleierstudent, bad blogger, glad i livet, trening, kosthold, familie, venner, kjærasten og dyr.

Kategorier

Arkiv

hits